For å ha rett til skuleskyss, må avstanden mellom skulen og heimen vere meir enn:
- 2 km for elevar i 1. trinn
- 4 km for elevar i 2. til 10. trinn
Avstanden blir målt frå dør til dør langs den kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstien.
Om du er ein elev i grunnskulen og har ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til gratis skuleskyss uavhengig av avstanden. Dette gjeld også om du er funksjonshemma eller midlertidig skada eller sjuk.
Det er AKT (Agder kollektiv transport) som har skuleskyssen i Åseral kommune.
Alt av informasjon finn du på deira sider.
AKT - Skyss til grunnskulen