Kva kan vi hjelpe deg med?
Skulehelsetenesta er eit tilbod for barn og ungdom mellom 5 og 16 år. Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på. Du kan òg ta kontakt dersom du har ein ven som treng hjelp eller rettleiing. I tillegg tilbyr skulehelsetenesta:
• Skulestartundersøking (på 1. trinn i barneskulen)
• Undervising i grupper og klassar om mellom anna fysisk, psykisk og seksuell helse
• Helsesamtale på 3. trinn
• Helsesamtale på 8. trinn
• Vaksinering
• Ope dør prinsippet, slik at du ikkje treng bestille time
Kva kan du snakke med helsesjukepleiar om?
Hos helsesjukepleiar kan du spørje og snakke om det du lurer på, og ofte hjelper det å prate med ein trygg fagperson. Du kan få råd og rettleiing om mellom anna:
• kropp og helse
• pubertet
• kjærleik
• legning
• kjønnsidentitet
• venskap
• problem med vener eller familie
• vanskelige tankar
• kjensler
• bekymringar
• andre ting
Når kan du treffe helsesjukepleiar?
Helsesjukepleiar er til stades på skulen kvar dag. Du kan kome i kontakt med helsesjukepleiar via telefon, e-post, lærar, eller eleven kan sjølv sende melding eller banke på døra.
Kontaktinformasjon
Helsesjukepleiar Britt Enny Haugland
Mob: 97794602
E-post: britt.enny.haugland@aseral.kommune.no