Åseral kommune sitt SFO-tilbod
SFO held til i eit eige rom i 1. etasje på skulen. Her har vi leiketårn, puter, diverse leiker, teikesaker og spel.
Vi bruker også uteområdet ved skulen.
SFO sin rolle og funksjon
SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod utan pensum og fagplanar, men er likevel ein del av skulen si verksemd og drivast med utgangspunkt i Rammeplan for SFO.
Barnas frie leik har difor ein sentral plass i kvardagen på SFO.
Gjennom leiken tilegnar barna seg kunnskap, ferdigheiter, verdiar og haldningar. Dette gir dei moglegheit for vekst, utvikling og sosialisering.
Tydinga av leik
Leiken gir vener, utfordringar, motgang, øving i å takle konfliktar, glede, humor og moglegheit til å bearbeide opplevingar og kjensler.
Vårt ansvar som tilsette
Dei tilsette skal vere observante og gi støtte i leik og andre aktivitetar. Vi skal vere tilgjengeleg for barna og bidrage til å skape ein inkluderande miljø.
Kombinasjon med kulturskulen
Det er også mogleg å kombinere kulturskulen med SFO. Føresette som har då ansvar for barna frå dei reiser frå SFO til dei kjem på kulturskulen, anten det er på Minne eller på skulen. Det føreligg eit eige samtykkeskjema som må godtakast for at SFO kan sende barna til kulturskulen. Ansatte på SFO hjelper dei av garde til kulturskulen og dei kjem tilbake på SFO når dei er ferdige. Her er det samarbeid mellom SFO og kulturskulen for at det skal bli best mogleg samanheng i SFO kvardagen og kulturskulen for barna og tilsette.
Gratis tilbod!
SFO er gratis for alle som går i 1.-4. klasse. Noko er statleg finansiert, og resten er kommunalt vedteke.
Det er gratis måltid på SFO. Måltida som blir dekka er eit enkelt og sunt måltid om ettermiddagane og lunsj på onsdagane.
Søk SFO-plass
Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod før og etter skuletida for elevar i 1. til 4. klasse, og for elevar med særskilte behov i 5. til 7. klasse.
Fristen for å søkje om plass i SFO for det komande skuleåret er 1. mars. For å vera sikker på å få plass, må ein søkje innan fristen. Det må søkjast SFO plass kvart skuleår.