Kontakt mellom heim og skule

Grunnskulen i Åseral kommune brukar Visma flyt skule som skuleadministrativt system. I praksis kommuniserer føresette og skulen gjennom mobil-appen "Visma Min skole" og nettportalen "Visma føresattportal". Her kan de enkelt sende meldingar, og både føresette, skuletilsette og elevar kan logge seg inn. 

Kva er skilnaden mellom appen og nettportalen?

Min skole-appen blir brukt til dagleg kommunikasjon mellom heim og skule. Her kan ein enkelt melde frå om barnet er sjukt og ikkje kan kome på skulen, ein kan sende beskjeder til læraren, og ein kan finne vekeplanar og annan informasjon som skulen sender til dei føresette. 

I føresattportalen kan du gjere meir. Mellom anna sende søknader og følge med på fråvær. 

Dette gjer du i Min skole-appen

Visma Min skole er ein applikasjon alle føresette til barn på barneskulen bør laste ned på telefonen sin. I appen kan du gjere dette:

  • Melde frå om sjukdom/fråvær (NB: Forespørsel om permisjon/ferie må sendast som søknad i Visma føresattportal, ikkje i Min skole-appen.)
  • Sende/motta meldinger frå skulen/lærarar og SFO
  • Føresette kan få varsler om fråvær
  • Svare på feriepåmeldingar til SFO eller andre skjema som blir sendt ut og krev svar

Her kan du laste ned appen “Visma Min skole”:

Last ned Visma min skole (Android)
Last ned Visma min skole (Apple)

Dette gjer du i føresattportalen

  • Sjekke at opplysningar om elev og føresette er rette
  • Gi samtykker
  • Søke, sei opp eller endre SFO-plass
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass
  • Søke om permisjon/ferie frå skulen
  • Følge med på fråvær

Her loggar du inn i “Visma føresattportal”:

Logg inn i Visma føresattportal

Føresette loggar inn i Visma føresattportal med ID-porten. Lærarar og elevar loggar inn med Feide.