Fråvær og elevpermisjon

Alle typar fråvær, anten det er snakk om enkelttimar eller permisjon som strekkjer seg over ein eller fleire dagar, skal rapporterast til skulen via Visma Min Skole / føresetteportalen. Søknad om frådrag av fråvær på vitnemål skal òg gjerast via eit eige digitalt skjema.

Fråvær for enkelttimar eller for inntil ein dag

Fråvær skal meldast inn via Visma Min Skole-appen når:

  • Eleven har forsova seg, blitt sjuk eller liknande
  • Eleven skal til tannlegen, fastlegen eller andre helseinstansar.

Planlagt fråvær (elevpermisjon) inntil 10 skuledagar

Skulen kan etter søknad frå foreldra gi elevpermisjon i inntil ti skuledagar per skoleår, dersom det vurderast at eleven samla sett vil få ein forsvarleg opplæring.

  • Elevpermisjon på inntil tre dagar: føresette melder inn i appen Visma Min Skole. Melding blir svart av kontaktlærar. Permisjon kan vere i samband med for eksempel ei gravferd.
  • Elevpermisjon på meir enn tre dagar: føresette må søkje via appen Visma Min Skole minst 14 dagar før ynskt permisjon. Rektor behandlar søknaden og svarer via den digitale postkassen.

Planlagt fråvær ut over ti skuledagar

Det blir ikkje gitt permisjon for planlagt fråvær ut over ti skuledagar. Dersom eit slikt fråvær er nødvendig, må føresette gjere følgande:

Fråvær i Norge: i god tid i forkant må føresette melde frå til skulen om privat heimeundervisning. Du kan lese meir om privat heimeundervisning her.
Fråvær i utlandet: føresette må melde eleven ut av skulen via et digitalt skjema. Skulen vil stadfeste mottatt melding. Foreldre er ansvarleg for at eleven får oppfylt sin rett til grunnskoleopplæring i perioden elevener meldt ut av skulen (for eksempel ved ein utanlandstur som varar i fire veker).

Kven kan søkje om permisjon?

Det er foreldre med foreldreansvar som kan søkje om permisjon. Dersom barnet har delt bustad, må avgjerdinga om å søkje om permisjon takast i fellesskap av foreldre med foreldreansvar.

Dersom foreldre har felles foreldreansvar, men ikkje bur saman, og barnet berre bur fast hos den eine av foreldra, kan den av foreldra som barnet bur fast hos, søkje om permisjon. Ein slik søknad krev ikkje einigheit mellom foreldra.

Frådrag av fråvær på vitnemål

Elevers fråvær frå 8.-10. trinn førast på vitnemålet. Dette gjeld både dagar og enkelttimar. Føresette kan krevje at årsaka til fråværet blir lagt ved vitnemålet i eit eige skriv. 

Det kan krevjast at inntil 10 dagar av fråværet vert strøkne dersom eleven har:

  • Fråvær utover tre dagar, som skuldast dokumenterte helseårsaker (legeerklæring). Ved dokumentert risiko for fråvær grunna funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråværet strykast frå og med første fråværsdag.
  • Innvilga permisjon.

Søknadsfrist er 1. juni (10. trinn).

Lovar og reglar

Lokal forskrift om permisjon frå grunnskoleopplæringa
Opplæringslova §2-2 - lovdata.no