Pris og redusert betaling

Kva kostar det?

Prisen for ein barnehageplass er for 11 månader i året, sidan juli er betalingsfri.

Pris barnehage
TenestePris 2025 (kr)Antal dagar per veke
Opphaldsbetaling i barnehage7005
Kostpengar05

Syskenmoderasjon

Har du meir enn eit barn i barnehage, vil du få reduksjon i foreldrebetalinga. Du treng ikkje søke. Du får dette automatisk, så lenge syskena er registrert med same fakturamottakar og bur i same hushaldning. Dette må være registrert i Folkeregisteret.

  • Barn nr. 2: 30 % moderasjon.
  • Barn nr. 3 og vidare: 100% moderasjon.

Dersom sysken har ulike tilbod, blir syskenmoderasjon gjeven på det lågaste tilbodet.

Redusert foreldrebetaling i barnehage og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid vert innvilga etter søknad til familiar med ei samla bruttoinntekt under ei sett grense. 

Stortinget har vedtatt ei nasjonal ordning for redusert betaling i barnehagen for familiar med låg inntekt. Hushald med ei samla bruttoinntekt under kr 220 000, – har rett til redusert foreldrebetaling. 

Det er gratis kjernetid (20 timar per veke) for barn frå 2 til 5 år, og barn med utsett skolestart, som bur i hushald med låg inntekt. Inntektsgrensa for gratis kjernetid er kr 669 050,–. 

For barnehageåret 2025/2026 gjeld gratis kjernetid for barn frå og med 1. august i det kalenderåret dei fyller to år og fram til skulestart.

Ordninga er søknadsbasert og det må søkjast på nytt for kvart barnehageår. Ordninga gjeld også for barn med utsett skulestart.

Du må sjølv søkje gjennom eit fastsett skjema, og søknader blir handsame basert på hushaldinga si samla inntekt.

Søk om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Søknad om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling gjerast via føresattportalen til Visma:

Søk om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling

Lover og reglar

Forskrift om foreldrebetaling i barnehagen

Foreldrebetaling for barnehageplass og moderasjonsordninger - Udir.no