Frå barnehage til skule

Barn skal oppleve at det er samanheng mellom barnehage og skule. Difor skal barnehagen legge til rette for at barn får ei god avslutning på barnehageperioden, og at dei er førebudd til å byrje på skulen.

Overgang frå barnehage til skule - aktivitetar

Overgang fra barnehage til skule
TidTiltak Ansvar
Januar, våren før skulestartSamarbeidsmøte mellom barnehagen og skulen. Planlegg besøk til skulen og aktivitetar med fadderklassenEiningsleiar barnehage ansvar for å kalle inn til møte
FebruarSkuleinnmelding digitalt på Visma Flyt SkoleEiningsleiar skule/rådgjevar oppvekst, saman med merkantil
Februar (før vinterferien), våren før skulestartInformasjonsmøte til foreldre som har barn som skal starte i 1. klasseEiningsleiar barnehage og skule
MarsBesøk på skulen, saman med fadderklassen Kontaktlærar i fadderklassen har ansvar for å legge til rette for aktivitetar og skape kontakt mellom faderar fadderklasse og barna som skal starte i 1.klassePedagogisk leiar frå barnehagen og klassekontakt i fadderklassen, 3. klasse
AprilObligatorisk foreldresamtale for barn som skal starte på skulen Samtykke til å overføre informasjon frå barnehagen til skulen   Barnet beskriv gjennom barnesamtale sine tankar om skulestart før foreldresamtalen. Barnet leverer utskrift av barnesamtale til kontaktlærar i samling fyrste dag kontaktlærar er på hospitering i barnehagen i juni før førskuledag.Avdelingsleiar i barnehagen
AprilBesøk på skulen hos 1. klasse Førskulebarna og 1.klasse har ein skuletime saman, for eksempel ein musikktime. Besøk i klasseromet og et skulelunsj saman med 1.klassePedagogisk leiar frå barnehagen og kontaktlærar i 1. klasse
MaiBesøk i barnehagen. Fadderklassen kjem på besøk til barnehagen. Barnehagen har ansvar for aktivitetar og lagar felles lunsj til alle.Pedagogisk leiar frå barnehagen og kontaktlærar for fadderklassen, 3. klasse
MaiSamarbeidsmøte mellom barnehagen og skulen. Barnehagen informera skulen om aktuell informasjon om førskulebarna. Informasjon som barnehagen har fått samtykke frå foreldra til å bringe vidare til skulenEiningsleiar barnehage og pedagogisk leiar saman med einingsleiar skule og klassekontakt for 1.klasse
MaiBesøk i SFO for å skape trygg og god overgang frå barnehage til SFOAvdelingsleiar i barnehagen saman med SFO leiar
JuniSame veke som det er førskuledag er kontaktlærar for 1. klasse med i barnehagedagen måndag til fredag denne vekaEiningsleiar barnehage og skule ansvar for å legge til rette for dette samarbeidet
JuniFørskuledag. Førskulebarna blir invitert til førskuledag saman med foreldre til skulen.Skulen ved avdelingsleiar på barnetrinnet har ansvar for denne dagen
AugustSkulestartOvergangslærar starter saman med kontaktlærar for 1. klasse
Oktober1. klasse besøker barnehagen ut på hausten etter skulestartKontaktlærar i 1. klasse og pedagogisk leiar frå barnehagen

 

Overgangslærar

Frå hausten 2026 er det tilsett ein overgangslærar og stillinga inneber å jobbe i førskulegruppa i barnehagen våren 2026 og deretter i skulen frå hausten 2026. Vidare vil stillinga vere slik at ein arbeider vårsemester i barnehage og haustsemester i skulen.

Overgangslærar bidreg til å vidareutvikle systemet for overgangen mellom barnehage og skule, og er ein trygg vaksen og støtte for både barn og foreldre i denne prosessen. Gjennom tett samarbeid med pedagogiske leiarar, kontaktlærarar og andre samarbeidspartnarar, legg overgangslærar til rette for ein god overgang. Overgangslærar gir fagleg rettleiing og oppfølging, og deltek aktivt i faglege nettverk både på skulen og i barnehagen. På denne måten ynskjer ein å oppnå ein meir heilhetlig overgang frå barnehage til skule, og sikrar at viktige erfaringar i overgangsarbeidet blir gjort kjend i både barnehage og skule. I tillegg arbeider overgangslærar for å fremje ein inkluderande praksis der alle barn opplever tilhøyring og meistring.