Tilrettelegging i barnehage

Dersom eit barn har særlege behov, kan han eller ho trengje ekstra oppfølging. Kommunen gjer ei individuell vurdering av barnet sitt behov, og tilbyr hjelp ut frå kva tilbod dei har. 

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Du kan søkje om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelagt barnehagetilbod heile året.

Spesialpedagogisk hjelp - rettar

Barn i barnehagealder med særskilde behov, kan ha rett til hjelp etter barnehagelova § 31.

Foresette kan henvise til Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og be om å få ei sakkyndig vurdering, dersom barnet treng hjelp, støtte og tilrettelegging. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Dersom barnet går i barnehage bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen.

Det kan visast til vurdering av spesialpedagogisk hjelp heile året.

Les meir om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging:

Korleis få tenesta

  1. Foresette (ev. i samarbeid med barnehagen) sender ei henvising til PPT med bakgrunn i barnet sitt behov.
  2. PPT vurderer i den sakkyndige vurderinga om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp eller ikkje.
  3. Kommunen gjer deretter eit enkeltvedtak, som beskriv den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få (etter samtykke frå foresette).

Tilrettelagt barnehagetilbod

Barn med nedsett funksjonsevne skal få eit høveleg individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i samsvar med Barnehagelova § 37.

I dei aller fleste tilfella vil det vanlege barnehagetilbodet vere godt nok til å møte barna sine individuelle behov, men i nokon tilfelle kan det vere nødvendig med eit tilrettelagt barnehagetilbod.

Kommunen sin tilretteleggingsplikt gjeld tiltak som er nødvendige for at barnet skal kunne nytte barnehageplassen.

Klage

Foresette kan klage på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Dersom vedtaket vert oppretthaldt, blir saka sendt til Statsforvaltaren i Agder for endelig handsaming.