Forslaget frå Asplan VIak
Asplan Viak
Kommunen har fått midlar frå Husbanken til å gjennomføre ein paralellkonkurranse. Her vart tre arkitektfirma utfordra til å kome med forslag til løysing: Asplan Viak, TRAFO arkitektur og Aksent Arkitekter.
Forslaga vart presenterte for Åseral kommune den 16. desember. Det var tre flotte bygg som vart presenterte, alle med særeigne uttrykk.
Her kan du sjå teikningane og her kan du sjå opptak frå presentasjonen .
Det har vore mogleg å kome med innspel både via kommune si nettside og på Minne. Det var klart fleirtal av innbyggjarane som foretokk uttrykket til Asplan Viak, (Sjå biletet).
Styringsgruppa og kommunestyret har vedteke å jobbe vidare med forslaget frå Asplan Viak. Bygget på biletet danner grunnlaget, men skal jobbast vidare med. Ambisjonen er å legge prosjektet ut på anbod som totalentreprise i løpet av 2026.
I denne fasen er kontakt med næringslivet viktig. I haust arrangerte vi ideverkstad, og vi vil no gå inn i tettare dialog med aktuelle næringsdrivande.
Vi håpar at alle som har ein gründer i magen, eller vurderer å flytte verksemda si inn i det nye bygget, tek kontakt.
Har du innspel eller spørsmål, er det berre å ta kontakt!
For styringsgruppa
Ordførar Inger Lise Lund Stulien