Send sikker post til Åseral kommune

Vi har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Slik sender du sikker post til Åseral kommune

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du no sende oss dokument via ein trygg kanal.
Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss!

Send sikker post til Åseral kommune her

For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID med meir).

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokumentet du vil sende oss.