Flytte til Åseral?

I Sørlandet sin best bevarte hemmelegheit finn du den perfekte balansen mellom ro, tid til familien og eventyr på heia. Trygt, godt og med nærleik til både storby og sjø. Her treff du venlege, nevenyttige og kreative folk som verdset samhald og hygge!  

Åseral er ein turist- og kraftkommune med solid økonomi og vilje til å farge framtida grøn!

Senk skuldrene, lev godt og forelsk deg i heia med oss. Sjå kart over kommunen her! (PDF, 2 MB)

Få eit innblikk av kvardagen i Åseral her!

Freysta logo - Klikk for stort bilete

Din draumeheim i Åseral

Bilete av Kyrkjebygd - Klikk for stort bilete

På tide å gjere bustaddraumen til verkelegheit? Vi kan hjelpe deg eit godt stykke på veg! Vi har nemleg fleire flotte bustadtomter til sals for berre kr 100 000. Det er valuta for pengane!

Vi legg òg til rette for spreidd busetjing ved å gi tilskot på kr. 150 000,- der det er mogleg å kople seg på offentleg vatn og avløp, eller kr. 300 000,- dersom du byggjer der det ikkje er offentleg vatn og avløp.

Har du hytte i Åseral? Vi ønsker deg velkomen til å bu fast på hytta! Sjå kva retningsliner som gjeld og søk om bruksendring. Det er også fleire bustadar til sals i Åseral på FINN.no
Og forresten, her slepp du å betale eigedomsskatt på bustad og fritidseigedom i Åseral! 
Ønsker du å leige bustad rår vi deg til å sjekke FINN.no, men om du ikkje finn noko for deg, ta kontakt med oss! Det er ikkje alltid at dei eksisterande utleigebustadane vert annonsert offentleg, men vi kan sette deg i kontakt med potensielle utleigarar. 

Ditt yrkesliv i Åseral

Ser du etter jobb? Næringslivet vårt er i vekst! Ta en titt på ledige stillingar i Åseral på Finn.no, Arbeidsplassen og i Åseral kommune. Åseral si plassering på kartet gjer dessutan at det er kort pendlaravstand til større arbeidsmarknad, sjå til dømes ledige stillingar i Setesdal-regionen.

Om du ikkje fann noko på første søk kan du sende oss CV-en din, så skal vi sjå om vi kan hjelpe. 
Jobbar du heime og saknar eit sosialt miljø? 
På Åseral Næringshus står attraktive og rimlege kontorplassar å ventar på deg! Du er velkomen inn i eit aktivt næringsmiljø, der du kan slå av ein prat ved kaffemaskina og kanskje møte nokon å dele tankar, visjonar og idear med?
I dag huser Næringshuset mellom anna Sparebanken Sør og det lokale rekneskapskontoret.   

Di bedrift i Åseral

Åseral er ein stad av nytenkande sjeler, og vi vil gjerne ha fleire hit! Turistnæringa er stor og veks stadig, og vi trur potensiale i denne marknaden er større enn det som vert utnytta i dag. Har du lyst til å skape din eigen arbeidsplass ved å tilby turistane eit produkt eller ei teneste? Ser du ein moglegheit ingen andre ser? Då vil vi gjerne høyre frå deg!  
Kommunen har lang erfaring med næringsrådgjeving, vi kjenner godt til ulike tilskotsordningar og kan hjelpe deg i søknadsprosessen. Du skal ikkje sjå bort frå at han har nokre gode råd på vegen, uansett kva fase du er i.
Treng du god plass for å realisere ideen, eller ser du kanskje etter nye lokale for di eksisterande bedrift? Vi har 10 dekar med tilrettelagte næringsareal for sal eller utleige, til attraktive prisar! 

Dine barn si oppvekst i Åseral

Leiande barn som går saman i skogen - Klikk for stort bilete

Å vekse opp i Åseral er trygt, nært og godt, men ikkje berre det: Barna blir sett, utfordra og tatt godt vare på i skulen og barnehagen av kvalifiserte og engasjerte pedagogar. Åseral er faktisk den småkommunen med høgast tal på tilsette med pedagogisk utdanning i barnehagen, og vi skårar generelt svært høgt på Unicefs Kommuneanalyse frå 2021. Vi har investert, og skal halde fram å investere tid og ressursar i barn og unge – framtida vår. 

Åseral barne- og ungdomsskule og Åseral barnehage ligg nær kvarandre midt i kommunesenteret vårt, Kyrkjebygda. Barn og elevar har gjennom heile året tilgang på fantastiske fasilitetar som symjehall, ballbinge, stor fotballbane, fleirbrukshall, klatreveggar, handballbane, friidrettsanlegg og eit eige uteskule-område. Følg med på kva som skjer i Åserals foreiningsportal.

I Åseral får born og unge GRATIS:
– Lunsj i skulen 1. – 10. klasse
– SFO for alle born 1. – 4. klasse
– Kost i barnehagen

Du har alltid noko å finne på i Åseral - sjå her i foreiningsportalen!

Din alderdom i Åseral: Åseralsheimen 

Alle har rett til ein god alderdom! Vi har difor bygd ein topp moderne sjukeheim fullt av aktivitetstilbod, heimelaga mat og varme. Nokre har gått så langt som å kalle Åseralsheimen “Norwegian Assisted Senior Home with a hotel feeling”.

Bilete av Åseralsheimen - Klikk for stort bilete

 

Vi er den mest innovative hyttekommunen!

Bilete av hyttefelt Ljosland vintertid - Klikk for stort bilete

Åseral er ein kommune med utrulege naturressursar og vakker natur. Vi elskar å bruke den, både for rekreasjon og for produksjon av rein, grøn energi. Våre fire vasskraftverk produserer i gjennomsnitt meir enn 1200 GWh årleg – det er ikkje småtteri.
Åsdølar er ikkje åleine om å setje pris på den mektige naturen vår. Så vel som ein god stad å bu, er Åseral nemleg ein populær destinasjon. I dag ligg det ca. 2500 hytter innafor kommunegrensa. Meir hyttebygging? Ja, det er fint, tenker vi, så lenge vi gjer det på ein måte som varetek biologisk mangfald og minskar klimagassutslepp. Og det er nettopp det vi skal; Åseral skal bli ein nullutsleppsdestinasjon. Og startskotet på vegen mot det målet er innovasjonsprogrammet GNIST. 

Moderne og historiske landemerke

Minne kultursenter - vinter - Klikk for stort biletePå Minne Kultursenter kan du oppleve Åseral sitt rike kulturliv og kulturarv, mellom anna gjennom ei arkeologisk utstilling, bygdemuseum, turistinformasjon og lokalhistoriske dokumentarfilmar. Minne Kultursenter er ein stad der folk treffest og er mellom anna fast tilhaldsstad for husflidslaget, dramagruppa og kunstgruppa i Åseral.
Bilete av Lordehytta - Klikk for stort bileteLordehytta er ei praktfull hytte som blei reist av Lord Salvesen for meir enn 100 år sidan. Han og familien hans brukte hytta som jakthytte, i vidstrakt og vakkert heieterreng i Åseral. Lordehytta ligg ved Vivatn og er i dag eit populært turmål for dei som likar å utfordre seg. Turen er omtrent 22 km tur/retur frå Røysland.
Bilete frå Sosteli - Klikk for stort bileteSosteli er ein jarnaldergard som truleg var busett ved starten på vår tidsrekning (!). Gardsanlegget er ein viktig lokalitet for nordisk busettingsarkeologisk forsking fordi den er blant dei aller best bevarte jarnaldergardane i Europa. Sosteli er eit populært turistmål, og du finn den berre 2 km frå Kyrkjebygd i Åseral.

Åseral- ein fjellkommune på Sørlandet!

Kart over Åseral - Klikk for stort bilete