Kommunal beredskap

Uønskte hendingar er ei utfordring for eit lokalsamfunn, og difor er det viktig at kommunen har planar for både førebygging, beredskap og krisehandtering.

Kommunalt planverk

Kommunen planlegg for å kunne handtere ulykker og kriser på ein best mogleg måte. Det tyder at vi skal:
•    sørge for innbyggjarane si tryggleik
•    ha planar for at samfunnsviktige funksjonar ikkje stoppar opp under ei krise
•    verne om miljø og kulturverdiar og
•    forhindre øydelegging av økonomiske og materielle verdiar.

Åseral kommune har eit beredskapsråd, kriseleiing og kriseteam som blir aktivert om det skulle vere naudsynt.

Kriseleiinga i Åseral kommune

Kåre Einar Larsen - Kommunedirektør
Inger Lise Lund Stulien - Ordførar
Astrid Marie Engeli - Stabsjef
Ann-Margret Haaland - Kommuneoverlege
Odd Helge Liestøl - Beredskapskoordinator

Telefonnummer kriseleiinga: 941 38 500 (aktiv i ein krisesituasjon)