Innbyggarappen vil no gje naudsynt informasjon sjølv om nettet er nede!

Ein ny funksjonalitet er no på plass i innbyggarappen. Sjølv om all nett og telefoni er nede vil du kunne finne naudsynt beredskapsinformasjon ved å gå inn på innbyggarappen!

Skjermdump av framisde på offline i innbyggarappen - Klikk for stort bilete

Nyskapande nye funksjonar forbetring tilgjengelegheita til viktig informasjon

Leverandøren Innocode har utvikla ein nyskapande ny funksjon som betrar tilgjengelegheita til livsviktig informasjon, sjølv utan nettforbindelse.

"Offline" funksjon for kontinuerleg beredskap

Denne "offline" funksjonen sikrar at eit nytt bilete vil dukke opp i appen dersom all kommunikasjon blir broten. Dette bilete vil innehalde kritisk beredskapsinformasjon som du kan trenge i ei krisesituasjon, sikrar deg tilgang til viktig informasjon når du mest treng det.

Her kan du lese meir om innbyggarappen og korleis du lastar ned denne!