Skriftstørrelse

Vedtekter for SFO

Åseral barne- og ungdomsskule

Skulefritidsordninga er regulert i opplæringslova §13-7
Kommunen skal ha et tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1. – 4. klasse.
og for barn med særskilte behov for 1. – 7. klasse. Kommunens plikt til å ha
skulefritidsordning er avgrensa til skuleåret. Det er ingen plikt for kommunane til å ha en
slik ordning i feriane, jmf. opplærings lova §13-7


Barn med særskilte behov i SFO

Opplæringsloven § 13-7 –første ledd fastslår at kommunen skal ha et tilbod om SFO til barn med særskilte behov på 1.-7. klasse. Her må ein gå utanom regelen om at det må vera 4 born for å gje eit SFO tilbod.

Elevar som har plass i skulefritidsordninga, jf. opplæringslova § 13-7, og som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skulefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skuleferiane. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skulefritidsordninga.

Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.
Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Opplæringslova §13-7, andre ledd.

Skulefritidsordninga skal ikkje vere ein del av grunnskuleopplæringa eller vidaregåande opplæring, og skal vere noko anna enn skule og barnehage. Den skal være en trygg opphaldsplass for barna utover skuletida.

Skulefritidsordninga skal ha vedtekter som fastsettast lokalt av kommunen. Vedtektene skal som et minimum innehalda vedtak om eigarforhold, opptaksmynde , opptaks kriterium, opptaksperiode og oppseiing av SFO plassen, foreldrebetaling, leike- og opphaldsareal, daglig opphaldstid og årleg opningstid samt bemanning og leiing.

1. EIGARFORHOLD

SFO – tilbodet i Åseral kommune vert gitt ved Åseral barne- og ungdomsskule. Tilbodet vert gitt i kommunal regi. SFO-tilbodet er organisatorisk lagt til avdeling for oppvekst og levekår. Hovudutval for oppvekst og levekår er fagutvalet som handsamar spørsmål om SFO. Utvalet vert delegert mynde til å godkjenne SFO – tilbod i Åseral kommune. Einingsleiar ved Åseral barne- og ungdomsskule er administrativt ansvarleg for tilbodet. Dagleg leiar er fagleg og pedagogisk ansvarleg for opplegg/tilbod.

Opplæringslova §13-7, første ledd.
Opplæringslova §13-7, sjuande ledd.

2. OPPTAKSMYNDIGHET

Det er leiinga på skulen som er opptaksmyndighet i SFO.

3. OPPTAKSKRITERIER

Påmeldinga skal skje via oppvekstportalen. Foreldre/føresette til elevar i 1.-4. klasse vil få tilsendt link til søknadsskjema på mail. Søknadsfrist er sett til 1.mai.
Det blir og lagt ut på skulen si heimeside. Dagleg leiar kan godkjenne søknadar som av ulike grunnar kjem inn etter fristen.
Ein føreset at for seint innkomne søknadar, ikkje fører til endringar i av SFO-tilbodet.

SFO gir tilbod når det er 4 eller fleire søkjarar på ettermiddagar, morgonen, onsdagar og i feriane.

Opptaket gjeld eit skuleår om gongen.

Ved ordinært søknadstidspunkt tilbys alle søkarar plass.

Inntakskriterie:

Utanom ordinært søknadstidspunkt gjeld følgjande opptakskriterier i uprioritert rekkjefølgje:

  • Barn av einslege føresette i arbeid utanfor heimen eller under utdanning og som åleine fører tilsyn med barnet.
  • Barn som har begge føresette utanfor heimen eller under utdanning.
  • Yngre barn prioriterast før eldre.
  • Barn med særlige vanskar kan takast inn før andre søkarar. Det må ligge ei faglig vurdering og anbefaling frå PPT.
  • Eldre søsken har fortrinnsrett før andre søkarar på same klassetrinn.
  • Dersom ikkje alle søkarar på same klassetrinn får plass, blir det tildeling ved loddtrekning.

Tildeling av SFO plass er eit enkeltvedtak. Føresette må takke ja til SFO plass-skriftleg.

4. OPPTAKSPERIODE DAGLEG OPPHALDSTID OG ÅRLEG OPNINGSTID

Opptaksperiode vil vanlegvis vere innan 1. juni for kommande skuleår.
Dersom føresette treng SFO plass i løpet av skuleåret, kan dei søkje dersom det er ledige plassar på SFO, og dette ikkje utløyser meir bemanning i løpet av skuleåret.

SFO si opningstid fylgjer vedteken skulerute.

Dagleg opphaldstid er:
- 07.20. – 8.20., og 14.00. – 16.00. måndag, tysdag, torsdag og fredag.
- 08.00-16.00 onsdag.

SFO er ikkje open på skula sine planleggingsdagar.

SFO held og open i sommar-,haust-, og vinterferien dersom det er 4 ungar eller meir som søkjer SFO plass.

Heile juli er feire.

I sommarferien og haust- og vinterferien har SFO opningstid, 08.00-16.00.

Eige søknadsskjema vert sendt ut i god tid.

5. OPPSEIING AV SFO-PLASSEN

Oppseiing skal skje skriftleg, og det er 1 månad oppseiingstid som gjeld frå den fyrste i månaden.

6. FORELDREBETALING

Betalinga for SFO vert årleg fastsett i kommunestyret sitt budsjettvedtak. Ein gir søskenmoderasjon med 25 % for kvart born etter den fyrste. Endring og/eller oppseiing av plass må skje skriftleg til leiar, og det er ein månads varsel.

Betaling er delt i opphaldsbetaling og matbetaling. Opphaldsbetaling blir rekna for 9,5 månadar som utgjer eit skuleår på 38 veker. Opphaldsbetaling for ferieperiodar kjem i tillegg.
Minste opphaldstilbod er 6 timar pr. veke.

Timesats jf. vedteke prisliste på kr. 31 pr. time gjeldande frå 01.01.19.

Opphaldstid pr. veke Månadssats 2018
6 timar Kr. 744,-
7 timar Kr. 868,-
8 timar Kr. 992,-
9 timar Kr. 1116,-
10 timar Kr. 1240,-
11 timar Kr. 1364,-
12 timar Kr. 1488,-
13 timar Kr. 1612,-
14 timar Kr. 1736,-
15 timar Kr. 1860,-
16 timar Kr. 1984,-

Onsdagar eller feriedagar kostar kr. 248,- pr. dag og det vert gjeve søskenmoderasjon som elles.

Matbetaling er kr. 13,00 pr. dag dersom ein nytter SFO på ettermiddagstid.

Ein får ikkje frådrag i betalinga for einskilddagar t.d. ved sjukdom. Det er mogeleg å kjøpe seg inn med ekstra timar, og desse vert fakturert i tillegg til fast avtale.

Opplæringslova §13-7, femte ledd.

Faktura blir sendt ut etter endt månad.

Opplæringslova §13-7, femte ledd.

7. LEIKE OG OPPHALDSAREAL

Areala inne og ute må være tilpassa den aktiviteten som drives.
SFO brukar skulen sitt areal ute og inne, samt idrettshall og symjehall.

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler m.m.

8. INNE OG UTEMILJØ I SKULEFRITIDSORDNINGA

Bestemmelsane i kapittel 9a i opplæringslova gjeld og for skulefritidsordninga, jf. § 9a-8.
Etter § 9a-1 har alle elevar rett til et godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring, jf. § 9a-1. Det betyr at miljøet skal bidra positivt til elevane si helse,
trivsel og læring.

Opplæringslova kapittel 9a

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skuler m.v

Rundskriv Udir 2-2010: Retten til eit godt psykososialt miljø.

9. BEMANNING OG LEIING

Alle som jobbar i SFO må legge fram politiattest.
Opplæringslova §13-7, sjette ledd.
Opplæringsloven §10-9 første og tredje ledd og forskrift til opplæringsloven kap.15.

Alle som arbeider i SFO er underlagt teieplikt, jfr. Forvaltningslova § 13 og § 13a-f.

Det er tilstrekkelig med vaksne på ettermiddag ut frå elevgruppe, og 1 vaksen på morgonen. Det er ikkje nasjonale normer på bemanning i skulefritidsordninga.
Rektor/einingsleiar skule skal vere leiar for skulefritidsordninga som er organisert i tilknyting til skolen. Rektor/einingsleiar skule kan delegere myndighet til ein særskilt leiar
for skulefritidsordninga

Opplæringslova §13-7, fjerde ledd andre punktum.

10. FORELDREKONTAKT-FAU

Det skal skipas til eit foreldremøte kvar haust. Brukarane vel her to foreldrerepresentantar som skal sitje i FAU ved skulen.

11. LEKSEHJELP

Dersom leksehjelpa er ein del av skulefritidsordninga, må foreldrebetalinga reduserast for å tilfredsstille kravet til at tilbodet om leksehjelp skal være gratis. Dersom kommunen i regi av skulefritidsordninga tilbyr fleire timer med leksehjelp enn det som følgjer av opplæringslova, kan kommunen ta betalt for desse timane av føresette som ein del av foreldrebetalinga

Opplæringslova §13-7, fjerde ledd andre punktum.

12. ANNA

Når ein samarbeider med friviljuge lag og organisasjonar og deira tilbod er ein integrert del av kommunalt SFO-tilbod, vil desse tilboda vere opne for alle.

13. ENDRING AV VEDTEKTENE

Vedtektene for SFO kan endrast av hovudutval for oppvekst og levekår.
Styret for SFO, rektor/einingsleiar skule, dagleg leiar eller kommunalsjef for oppvekst og levekår kan krevje at hovudutval for oppvekst og levekår handsamar framlegg til vedtak.

Vedtekter for SFO vedteke av Kommunestyret i sak 17/29 29.06.17
Prisliste vedteke av Kommunestyret i sak 18/55 13.12.18

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

JLIB_HTML_CLOAKING

Om nettstedet

JLIB_HTML_CLOAKING

Personvern og informasjonskapsler