Skriftstørrelse

Idrettsanlegg og svømmehaller

Kommunen har gjennom kommuneplanar, reguleringsplanar og avtalar med grunneigarar og frivillige organisasjonar gode areal og fasilitetar for idrett og friluftsliv. Private organisasjonar og selskap bidreg og betraktelig i kommunens tilbod. Åseral idrettslag har tilbod om allsidig aktivitet innan idrett og mosjon og deltek i planleggjing og drift av nye og eksisterande idrettsanlegg.

Åseral Idrettsråd skal vere eit bindeledd mellom kommunen og idrettslag. Meir informasjon om Åseral Idrettslag og Åseral Idrettsråd finn du her:
Info frå Noregs Idrettsforbund
Åseral ILs heimeside

ÅSERAL FLEIRBRUKSHALL OG IDRETTSPARK

Ligg lokalisert ved Åseral borne- og ungdomsskule.
Adresse: Bordalen 6, 4540 Åseral.

ÅSERAL FLEIRBRUKSHALL

- Symjehall (12,5m) Åseral idrettslag har ope tilbod om familieaktivitet i symjehallen fredagar i skuleåret, «Fredagsbading»
- Skytterbane
- Styrkerom
- Idrettshall
- Liten gymsal
- Garderober
- Scene med teleskoptribune og ljod/ljosanlegg

 ÅSERAL IDRETTSPARK

- Buldrevegg
- Fotballbane (11’ er bane med kunstgras)
- Grop for lengdehopp
- Spyd, diskos, kulestøt
- Løpebane 400m med hekker
- Ballbinge
- Utandørs fitnessanlegg
- To volleyball baner, herav 1 sandvolleyball bane
- Handballbane

For bruk/leige/aktivitet i Åseral fleirbrukshall

Ta kontakt med: Åseral kommune, ved Servicekontoret
Telefon: 38 28 58 00
E-post: JLIB_HTML_CLOAKING


Andre idrettsanlegg:

Ski/turløyper:

  • Ljosløype i Kyrkjebygd sentrum på 3,5 km
  • 3 skisenter med alpint og fleire rundløypar for langrenn. Dei lengste på 20 km.
  • Regionalt skiskyttaranlegg på Bortelid. Standplass til 21 skiver og asfaltert trasé for rulleski er under opparbeiding.

Badeplassar:

  • Lislehylen ved rådhuset
  • Lognavatn

Volleyballbanar:

  • Sandvolleyball ved rådhuset og Lognavatn
  • Uteområdet ved skulen

Andre anlegg:

  • Ein utandørs fjellklatrevegg på Bortelid. Parkering ved Bortelidtjønna. Er bolta, men resten av utstyret må du ha sjølv.
  • Uteskuleplassen v/ Kyrkjebygd skule
  • Ballbinge Grokleiv
  • Grusbane Kylland grendehus
  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

JLIB_HTML_CLOAKING

Om nettstedet

JLIB_HTML_CLOAKING

Personvern og informasjonskapsler