Skriftstørrelse

Avlastingsopphald

Har du omsorgsoppgåver som gjer at du har behov for avlasting? Kommunen kan til dømes gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod, støttekontakt eller avlastingsopphald på korttidsavdelinga. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.

Målgruppe

Den som yter omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande

Kriterier/vilkår

Du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.  Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen

Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva tenester ein skal gi.

Pris for tjenesten

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova.

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) § 2-8. Tiltak ved særlig tyngende omsorgsoppgaver

Forskrifter

Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.
Då kontaktar du den avdelinga du motteke tenester frå.

Er du ny brukar og ikkje veit kvar du bør henvende deg, kan du kontakte leiar Heimetenesten v/ Einingsleiar Britt Enny Haugland, telefonnummer 38285920/ 97794602

Skjema

Søknaden sendes til

Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 ÅSERAL

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

Klagemulighet

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande kan klage på avgjerda. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me