Skriftstørrelse

Eining for service, reiseliv og kultur | Åseral

Eining for service, reiseliv og kultur

Leder:
Odd Helge Liestøl
Telefon leder:
38285800
Mobil leder:
91868502
Telefon avdeling:
.
E-post:
mailto:odd.helge.liestol@aseral.kommune.no
Besøksadresse:
.
Postadresse:
Gardsvegen 68
Postnummer:
4540
Poststed:
Åseral
Servicekontoret, med resepsjon og sentralbord, ligg sentralt plassert i Åseral rådhus. I tillegg til publikumskontakt tek kontoret hand om mellom anna; kommunal fakturering, arkiv, politisk sekretariat, utlån av kommunale møte- og selskapslokalar og fordeling av treningstider i Åseral Fleirbrukshall. Web- og redaktøransvaret på nettside, lokalavisa Åsdølen og sosiale medium er plassert her, så også varebestilling, og utferding av snøscooter-, landings- og skjenkeløyver.

Kultur og reiseliv har tilhald på Minne kultursenter, som ligg 100 meter frå Åseral rådhus. Kulturhuset stod ferdig i 2010 og synar Åserals kulturarv og kulturliv. Huset rommar bygdemuseum, galleri, konsertscene, turistinformasjon, kafé og ikkje minst ein flott eplehage der ein kan nyte utekonsertar.
Reiseliv har ansvar for den kommunale turistinformasjonen og Kultur har ansvar for kulturtilbodet på Minne kultursenter, samt andre kommunale kulturtilbod som UKM og Bygdekino, kulturtilbod for eldre og skuleborn. Kommunen har eit godt interkommunalt kulturskuletilbod, og har ein aktiv ungdomsklubb. Kultur er og involvert i kulturminnevern, idrettsanlegg og friluftsliv.

Åseral bibliotek er eit kombinert folke- og skulebibliotek med tilhald i øvste etasje i Åseral Fleirbrukshall. Her kan du låne bøker, tidsskrift, filmar og ljodbøker og du kan bruke PC og skrivar, låne grupperom og sjå film. Det du ikkje finn i behaldninga vår, kan me låne inn frå andre bibliotek til deg, via Fjernlån.

Eining for SERK

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

JLIB_HTML_CLOAKING

Vakttelefoner

Om nettstedet

JLIB_HTML_CLOAKING

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss