Skriftstørrelse

Leder:
Laila Ljosland
Telefon leder:
38285800
Mobil leder:
41322847
Telefon avdeling:
.
Besøksadresse:
.
Postadresse:
Gardsvegen 68
Postnummer:
4540
Poststed:
Åseral

Kontakt

Adresse:
Gardsvegen 68
Åseral
E-post:
JLIB_HTML_CLOAKING
Last ned informasjonen som: vCard

Lenkjer

Annan informasjon

Annan informasjon:

Helsehuset inneheld mange faggrupper som har ulikt fokus inn mot brukarane sine. Det er også mykje tverrfagleg samarbeid.
Legekontor Åseral legekontor har 2 fastlegar, dr. Sven Haraldstad og dr. Peter Kutschera.Det er bereikna at du kan kome inn for akutte tilstandar på dagtid, samt planlagde timar hos din fastlege.

Ekspedisjonstid: 08.00 – 15.00 tlf. 382 85 900
Legevakt: 15.00 – 08.00 tlf. 116 117
Øyeblikkelig hjelp: 113

Helsestasjon/skulehelseteneste Jordmor Kari Ljosland møter dei gravide, og følgjer dei opp i svangerskapet. For å få time her tek du direkte kontakt med Kari på telefon 91866776. Ho har også beredskapsvakt i samband med fødsel, og følgjer med til sjukehuset om naudsynt.
Ved helsestasjonen får du som foreldre oppfølging av barnets utvikling fram til skulealder, hjå leiande helsesøster Hildegunn Sangesland (tlf. 97530758). Her får du rutinekontrollar og vaksiner etter nasjonale faglege retningsliner. Fysioterapeut og lege er også involvert i det tverrfaglege samarbeidet.
Skulehelsetenesta ved sjukepleiar Kristine Tøsse (tlf. 94165945) er på skulen tre dagar i veka, og har open dør for alle elevar. Ho samarbeider med lærarane, og deltek i relevant undervisning. Tenesta er lovpålagd og følgjer nasjonale faglege retningsliner for å fange opp born i risiko.

Psykisk helse/rus
Tenesta har låg-terskeltilbod, der alle kan ta kontakt, eller du kan få henvising via lege. Her kan du få hjelp i ulike livskriser, oppfølging av psykisk sjukdom, ved rusproblem, pårørandestøtte og liknande. Tverrfagleg samarbeid med NAV, Åseral Industrier, andre kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta. Dei som arbeider her er vernepleiar Siv Jordbruen Sveindal (tlf. 47458217), spesialsjukepleiar Linda Øyulvstad (tlf. 95785069), psykiatrisk sjukepleiar Grete Bortelid (tlf. 90501335) og spesialsjukepleiar Laila Ljosland (tlf 41322847).

Fysioterapi Kommunen har to fysioterapeutar, Gro Boge Aasheim (tlf. 91840775) og Eirik Ulset (tlf. 91683855). Dei arbeider med rehabilitering etter sjukdom/skade, habilitering, tilrettelegging i heim, skule, barnehage og institusjon, trening i basseng, trening i dagliglivets aktivitetar, gruppetrening med meir.

Frisklivssentralen ligg inn under fysioterapitenesta. Dei held til i Åseralsheimen sine lokaler.

Barnevernstenesta er eit interkommunalt samarbeid mellom Lindesnes, Mandal, Marnardal og Åseral. Du treff medarbeidarar frå Mandal, som er i Åseral ein dag i veka. Barnevernet arbeider etter Barnevernlova som skal sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp i rett tid. Dei kan også hjelpa med ulike typar tiltak som gir foreldre nye ferdigheter i forhold til si omsorgsrolle.

Åseral kommune

Post- og besøksadresse:
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Åpningstider:
Mandag-fredag kl. 08-15

 

Sentralbord: 38 28 58 00
JLIB_HTML_CLOAKING

JLIB_HTML_CLOAKING



Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Personvern og informasjonskapsler