Skriftstørrelse

Legevakt 116117

Legevakta i Åseral kommune har dei siste åra vore knytt til Lindesnesregionen medisinske senter. Frå nyttår 2020 er det Kristiansand kommunale legevakt som tek over formidling av legevakt frå kl. 15-08 vekedagar, samt helg og heilagdagar. (Dei vil og svare på telefon på dagtid, men då blir ein bedt om å vende seg til fastlegekontoret). Telefonnummeret ein ringer er det some som for heile landet, 116117. Dette vil ikkje medføre noko endring for innbyggarane. Legane i Åseral og "gamle" Audnedal vil ha vakt som før, og på sikt blir truleg Hægebostad med i samarbeidet.

Legevakta skal kun nyttast ved følgjande problemstillingar:
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring av sjukdom
  • Sterke smerter i brystet eller magen
  • Alvorlege pusteproblem
  • Skader som treng legehjelp (kutt må sys innan 16 timar, 24 timar i ansiktet)
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskapet
  • Alvorleg sjukdom hjå barn/spedbarn
  • Alvorleg psykisk sjukdom som treng akutt hjelp

Ved andre problemstillingar, som lista opp nedanfor, skal ein ta kontakt med fastlegekontoret på dagtid.

  • Forkjølelse og influensaliknande sjukdom
  • Øyreverk og augekatarr
  • Spørsmål om bronkitt og hoste
  • Feber hjå barn når det ikkje er mistanke om alvorleg sjukdom
  • Behov for sjukemelding
  • Fornying av reseptar
  • Sjukdom over fleire dagar utan forverring
Sjå elles informasjon på Kristiansand kommunale legevakt; 

https://www.kristiansand.kommune.no/navigasjon/helse-velferd-og-omsorg/dognapne-vakttjenester/legevakt/

  • Last updated on .
Åseral kommune