Skriftstørrelse

Hopp til her

Kulturminneplan for Åseral kommune 2020-2025

Kommunalutvalet vedtok 05.09.2019 å legge Kulturminneplan for Åseral kommune 2020-2025 ut til høyring. Høyringsperioden er 06.09.2019 - 04.10.2019

Kulturminneplanen skal vere kommunen sin oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø, og inneheld ein plan for forvaltninga av desse. Den skal vere eit dokument som synleggjer kulturarven, set fokus på å ta vare på kulturminner og formidlar historie og identitet. Kulturminneplanen skal gi eit løft for kulturminna i Åseral, blant anna for stader som Sosteli og Minne kultursenter, for bygningskulturen og alle dei immaterielle kulturminna i form av segner, eventyr, musikk og handverkstradisjonar. Fokus i arbeidet har vore kulturminne/tradisjon ein kan slå fast er frå Åseral og ser på som lokalt viktige, men det er ikkje bilete av alt i planen.

Dette er eit foreløpig forslag og ein ynskjer innspel og info om fleire kulturminne og bilete, og innspel til handlingsdelen.

Ynskjer du eit eksemplar i papirform kan du henvende deg til servicekontoret.

Måndag 23. september arrangerast ein kulturminnedag på Sosteli. Oppmøte på Minne kultursenter kl 17:00.

Innspel sendes til JLIB_HTML_CLOAKING eller per post til
Åseral kommune, Gardsvegen 68, 4540 Åseral
Merk innspela med «kulturminneplan»

 

 

 

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me