Invitasjon til ope møte/foreldrekveld

Invitasjon til ope møte/foreldrekveld for alle vaksne og foreldre i fleirbrukshallen 11. mars 2019 kl. 17:30 - 19:30.

Åseral kommune ønsker alle velkomne til ope møte i etterkant av skredulykka.
RVTS sør, som er eit kompetansehevings- og formidlingssenter innan psykologiske traumer kjem i samband med dette. Dei har stor kunnskap om mellom anna korleis kriser påvirkar oss og korleis me kan møte dei.
Hovudtema for kvelden vil vere korleis me som vaksne og foreldre kan møte born og kvarandre under og etter ulykker, både dei som er direkte ramma og dei som er berørte.
Korleis kan skule, hjelpeapparat, lokalsamfunn og foreldre vere ressurser i tida framover? Det vil vere lokale ressurspersonar tilstades.

Enkel servering.

Velkomen!