MELDING OM VEDTAK - GODKJENNING AV REGULERINGSPLAN FOR PANORAMAVEGEN


Åseral kommune vedtok i møte den 08.11.2018 (sak 18/48) jamfør plan- og bygningslovas § 12-12 detaljreguleringsplan for Panoramavegen med følgjande endringar:
• Føresegn 2.4 endrast til:
Før det blir gitt byggeløyve til hytter i planområdet, skal Panoramavegen flyttast og ferdigstillast, og det skal byggast natursteinsmur mellom veggrøft og skjæring langs Panoramavegen for å minske høgda på skjæring.
Situasjonsplan som viser endeleg plassering, lengde og høgde på mur skal godkjennast av kommunen før tiltaket utførast.

Vedtaket kan i medhald av plan- og bygningslovas §§ 12-12 og 1-9 påklagast til departementet.

Klagen skal vera skriftleg og sendast Åseral kommune, Eining for Drift og Utvikling, 4540 Åseral innan 30 dagar frå kunngjeringa er gjort kjent.

Krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne offentlige kunngjeringa av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15 og 2.
Eventuelle krav må sendast skriftleg til Åseral kommune.


Eining for Utvikling