TV aksjonen 2018:

TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjon. Inntektene går til bymisjonens arbeid for å skape eitt varmare og meir inkluderande samfunn. Med innsamla midlar kan Kirkens Bymisjon skape møter som endrer liv.
Kirkens Bymisjon er ein open og inkluderande ideell organisasjon som arbeider i byer over heile landet, blant menneske som har vanskar med kvardagen på ulik vis. Med TV-aksjonen skal organisasjonen skape 700.000 NYE menneskemøter.Les meir om TV-aksjonen på www.blimed.no
www.blimed.no/gi-gave kan du registrere bidrag (som blir med i kommunestatistikken), utfordre andre og du kan følge med på resultater.

Sundag 21. oktober –mellom kl. 15:30 og kl. 17:30 vil alle husstandane i Åseral få besøk av ein bøsseberar. Ta vel i mot bøsseberaren!

Har du ikkje kontantar?
Vipps beløp til 2133. Vippsbeløp innbetalt mellom kl. 16:00 - 18:00 vert registrert som bøssebeløp i kommunens gjevarstatistikk.
Telefon: Ved å ringe 822 06 006 vert du belasta med kr. 250,- pr. telefon. Telefonbeløp innbetalt mellom kl. 16:00 - 18:00 vert registrert som bøssebeløp i kommunens gjevarstatistikk.

Åseral husflidslag inviterar til strikkedugnad for Kirkens Bymisjon denne sundagen og held ope hus på Minne kultursenter frå kl. 16:00 – kl. 20:00. I tillegg til kyndig rettleiing vert det sal av garn, mønster og pinner til oransjesjerf.  #etvarmeresamfunn