Skriftstørrelse

Søknad om plass eller endring av plass i Åseral Barnehage


SØKNADSFRIST HOVUDOPPTAK 
1. MARS 2019.


Alle nye brukarar som ynskjer plass i løpet av barnehageåret 2019/2020 må søkja innan fristen. Barnet må vere fødd før ein søker barnehageplass. Dersom barnet ikkje er fødd innan søknadsfrist til hovudopptak, kan ein søke barnehageplass ved suppleringsopptak gjennom barnehageåret når barnet er fødd.

Dei barna som har barnehageplass pr. dags dato og ikkje har behov for å endre barnehageplassen treng ikkje søke på nytt. Ved opptak får barn barnehageplass frå opptakstidspunkt og fram til skulestart dersom foreldre ikkje sjølv seier opp eller endrar barnehageplassen. Dette gjeld barn som bur i Åseral. Dersom nokon ønskjer å endre på barnehageplassen dei har pr. dags dato skal dei logga seg inn på min side i oppvekstportalen (https://aseral.ist-asp.com).

Når alle søknadane er komne inn blir barnehageåret planlagt med samansetjing av grupper og arbeidsordning for personalet. Det er difor viktig at søknaden går på det reelle behovet for barnehageplass.

NB!
Søknaden skal sendast inn i oppvekstportalen for Åseral innan 1. mars 2019.

Ein kan få hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet i servicekontoret til kommunen, tlf. 382 85800 eller ved å ta kontakt med barnehagen, tlf. 382 85950 eller 950 20332.



Søknad om reduksjon i foreldrebetaling for barnehageåret 2019-2020.

Det er to nasjonale ordningar for reduksjon i foreldrebetaling. Begge ordningane tok til i 2015. Nytt frå 2019 er at gratis kjernetid også gjaldt for 2-åringar frå 1. august 2019. Frå august 2019 er det mogeleg å søke på ordninga om redusert foreldrebetaling og gratiskjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar. Søknaden gjeld for eitt barnehageår. Dersom ein søkar etter fristen vil endring i betaling gjelde frå påfølgjande månad.

1. Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldet, skal du ha redusert pris. Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2019 gjeld dette for hushald som har ei samla bruttoinntekt som er lågare enn kr. 550.000,- per år.
2. Det er også gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5 åringar. Det vil seie at det er gratis 20 timar dersom den samla bruttoinntekta i hushaldet er lågare enn kr. 550.000,-, gjeldane sats frå august 2019.

Begge desse ordningane har søknadsfrist 15. mai 2019 for å kunne handsamast slik at rett pris for barnehagetilbodet skal vere klart til oppstart av nytt barnehageår 15. august 2019.
  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me