Skriftstørrelse

  • Heim
  • Nyheter
  • Fjerning av utlånsnøkkel til styrkerom

Fjerning av utlånsnøkkel til styrkerom

VIKTIG INFO!

Etter at ordning med utlån av nøkkel hos personalet på Åseralsheimen opphøyrde, laga idrettslaget i samarbeid med Åseral kommune ei ordning basert på tillit, der alle kan låne nøkkel til trening i styrkeromet mot at ein kvitterer på liste og brukar nøkkelen slik den er tenkt. Postboksen for utlån er plassert i gangen på Åseralsheimen og er utan tilsyn. 

Idrettslaget vil med dette informere om at vi må inndra utlånsnøkkelen.

Årsaka er fleire meldingar om episodar der personar kvitterer ut utlånsnøkkelen til styrkeromet på vegne av andre, ikkje for å trene, men for å opphalde seg i hallen eller andre tilgjengelege rom i fleirbrukshallen. Fleire personar melder om at dei ser ungdommar som bruker hallen/andre rom til samlingar som ikkje har noko med idrett å gjere.

Misbruk av nøkkelen går ut over alle andre som låner denne nøkkelen for å kunne trene i styrkeromet utanom vanleg opningstid.
Idrettslaget ser no ingen annan utveg enn å inndra nøkkelen. Dette tykkjer me er svært leitt.

Me ber alle som treng nøkkel til faste aktivitetar om å ta kontakt med servicekontoret for å skaffe seg eige adgangskort.
Elles vil idrettslaget oppmode alle om å vise respekt for ordningar som baserer seg på tillit.


Styret i Åseral Idrettslag

 

 

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me