Skriftstørrelse

  • Heim
  • Nyheter
  • Økonomiplan, budsjett og prisliste 2019-2022 - Rådmannen sitt forslag

Økonomiplan, budsjett og prisliste 2019-2022 - Rådmannen sitt forslag

Ansvaret for å utarbeide økonomiplan og årsbudsjett ligg hjå kommunalutvalet. Som grunnlag for utvalet sitt arbeid skal rådmannen utarbeide framlegg til økonomiplan og årsbudsjett. Frå og med 2016 har vi kopla saman handlingsdelen til kommuneplanen med økonomiplan og budsjett. Rådmannen sitt framlegg til kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett finn du under. 

Prisliste ligg òg vedlagt. Der er det i hovudsak lagt opp til å følgje løns- og prisveksten.
Unntaka frå dette er å finne i kommuneplanens handllingsdel med økonomiplan og budsjett pkt. 3.4.

Kommunestyret skal handsame saka 13. desember.

 

Saksprotokoll i Kommunalutvalet 27.11.2018

Framlegg til tilråding vart samrøystes vedteke:

 
1. Framlegg til økonomiplan og budsjett 2019–2022 blir vedteken i medhald av kommunelova § 44. Framlegget er bindande for drifts- og investeringsrammer i 2019 og blir vedteke som budsjett for 2019, jamfør kommunelova § 47.
For åra etter er framlegget retningsgjevande for den vidare planlegginga.
 
2. Kommunestyret vedtek avgifter og gebyr for 2019 slik dei går fram av framlegg til prisliste.
 
3. Kommunen vel alternativ 4 for sjølvkost/gebyrutvikling for avløp, med VA hovudplan inkludert og med utvida fondstid.
 
4. Kommunalutvalet/hovudutvala skal vedta dei einskilde detaljbudsjetta.
 
5. Skatt på eiga og inntekt blir skriven ut på grunnlag av fastsett maksimalsats for 2018.
 
6. For eigedomsskatteåret 2019 skal det skrivast ut eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnett og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova (esktl.) § 3 første ledd bokstav c.

For eigedomsskatteåret 2019 skal det skrivast ut eigedomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag» i medhald av overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilte grunnlaget skal i 2019 være lik 6/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som frå og med 2019 blir sett på som næringseigedom.

For eigedomsskatteåret 2019 skal det vidare skrivast ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal for verk og bruk som frå og med 2019 blir sett på som næringseigedom, så langt disse var omfatta av eigedomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eigedomsskatteloven §§ 3 og 4 andre ledd.

Den alminnelige eigedomsskattesatsen for skatteåret 2019 er 7 promille, jf. esktl. § 11 første ledd.

Takstvedtektene for eigedomsskatt i Åseral kommune vedteken i kommunestyret sak 4/2013 skal gjelde for eigedomsskatteåret 2019, jf. esktl. § 10.

Eigedomsskatten blir skriven ut i to terminar, jf. esktl. § 25 første ledd. Første termin er 1. april, andre termin er 1. oktober. 

Siste alminnelige taksering i kommunen blei gjennomført i år 2010.

 
7. Kommunestyret godkjenner budsjett for kontroll og tilsyn med ei ramme på kr 657 000.
 

8. Rådmannen har fullmakt til å signere lånedokument.

Rådmannen, og dei som er delegert budsjettmynde, må sjå til at budsjetterte beløp til dei ulike føremåla strekk til, jamfør kommunelova § 47. Av omsyn til likviditeten har dei budsjettansvarlege plikt til å fordele utgiftene jamt utover i året.

 

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me