Skriftstørrelse

  • Heim
  • Nyheter
  • Bortelid - område til opplæring i klasse S

Bortelid - område til opplæring i klasse S

OMRÅDE TIL UNDERVISNING OG OPPLÆRING KLASSE S, SNØSCOOTER – BORTELID

Frå og med 01.07.07 vart det innført krav om obligatorisk opplæring for bruk av snøscooter. Kravet medførte trong for motorferdsel i utmark med godkjende område for dette. Det er fylkesmannen som handsamar og godkjenner slike søknader etter forslag frå kommunen.

Åseral kommune har motteke søknad frå Blink Trafikkskole om å bruke eit område ved Geithei – Berge på Bortelid til undervisning og opplæring for klasse S, snøscooter.
Området det blir søkt om er vist på kartutsnitt nedanfor:

område opplaering scooter bortelid
Info om opplegget

Opplæring omfattar mange ulike oppgåver. Elevane skal lære seg køyring i ulikt terreng, lære å ta omsyn til skiløyper og friluftsliv, lære om verknader av støy, kryssing av vegar mm.
Området på Bortelid er svært relevant i forhold til nemnde utfordringar. I tillegg er området snøsikkert og det er tilgjengelege overnattingsmoglegheiter.

Når det gjeld opplegg, er undervisning tenkt lagt opp slik:

  • Opplæring går over to dagar i vekedagane.
  • Tilførselsløype til øvingsområdet er tenkt i eigen løypetrase.
  • Ingen køyring i helger inkludert fredag, vinterferie og påskeferie.
  • Ved opplæring er det 4 elevar saman med 2 lærarar i terrenget. Alle har vest merka med opplæring.
  • Det er ønskeleg med ei prøveordning på eitt år, med evaluering, for å sjå korleis området fungerar.
Prosess og framdrift

Åseral kommune ved administrasjon, samt ordførar og leiar i Hovudutval for Drift og Utvikling, hadde eit møte den 06.10.18 der både berørte grunneigarar, utmarkslaget på Bortelid og representantar for hyttelaget på Bortelid deltok.

Grunneigarane i området stiller seg positive dersom vilkåra i undervisningsopplegget vert slik som presentert ovanfor. Det same er utmarkslaget.
Det vart bestemt at det skulle sendast ut infoskriv til alle hytteeigarar slik at alle får god informasjon om søknaden som er komen inn. Hyttelaget vil vere ein viktig høyringspart i prosessen, men hytteeigarar kan og sende eigen uttale direkte til kommunen.

Framdrifta er tenkt slik:

  • Infoskriv til alle hytteeigarar
  • Formell høyring med frist for innspel
  • Politisk handsaming
  • Oversending til fylkesmannen for vidare handsaming dersom positivt vedtak

 

Spørsmål

Spørsmål angåande saka kan rettast til Åseral kommune:
Kari Røynlid på e-post JLIB_HTML_CLOAKING eller på telefon 38 28 58 26/901 29 245
Odd Helge Liestøl på e-post JLIB_HTML_CLOAKING eller telefon 918 68 502

  • Last updated on .

Adresse

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 8-15
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Kontakt oss

Telefontid: mandag - fredag kl. 8-15
Sentralbord: 38 28 58 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me