Skriftstørrelse

Inntil 100% vikariat, eining for service, reiseliv og kultur

INTERN OG EKSTERN UTLYSING:
MEDARBEIDAR VED EINING FOR SERVICE, REISELIV OG KULTUR ,  INNTIL 100 % VIKARIAT

For snarleg tiltreding søkjer eining for service, reiseliv og kultur i Åseral kommune etter ein ny medarbeidar i eit vikariat fram til 31. desember.

Arbeidsoppgåver:

- Publikumsteneste, arbeid i fyrste linje i resepsjon/sentralbord
- Planlegging og tilrettelegging av ulike kulturarrangement
- Enklare sakshandsaming
- Andre oppgåver etter avtale med einingsleiar

Ønskjelege kvalifikasjonar:

- Evne til å kombinere faglege kunnskapar med heilskapleg tenking
- Gode datakunnskapar
- Røynsle frå offentleg arbeid
- Handtere nynorsk som skriftleg målføre
- Effektiv, evne til sjølvstendig arbeid, utadvendt og samarbeidsviljug
- Kompetanse og røynsle utover dette, samt personlege eigenskapar, vert vektlagt

Vi tilbyr eit godt fagmiljø med moglegheit for vidareutvikling for rette person. Tilgang til moderne IKT-verktøy, gunstig pensjonsordning og løn etter avtale.

Tenestestad

Minne kultursenter, rådhuset og bibliotek

Intervju

Søkar må vere førebudd på å stille til intervju på kort varsel.

Ta med originale dokumenter, attester og identifikasjon ved intervju/frammøte.

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentleglova § 25.

Tilsetjing:

Denne stillinga er lyst ut internt og eksternt samstundes. Interne kvalifiserte søkjarar vil ha prioritet. Tilsettinga skjer i samsvar til gjeldande lover, reglar og avtaleverk.
Løn etter gjeldane tariff. Har du behov for ein stad å bu, barnehageplass eller andre ting, er vi førebudd til å hjelpe deg. Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement.

Kontakt:

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Odd Helge Liestøl på telefon 918 68 502.

Søknad

Søknad skal skrivast på elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist: 20. juli 2018

SØK HER

 

 

 

  • Last updated on .

Åseral kommune

Post- og besøksadresse:
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Åpningstider:
Mandag-fredag kl. 08-15

 

Sentralbord: 38 28 58 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.



Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Personvern og informasjonskapsler

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me