Skriftstørrelse

Vikariat som byggesakshandsamar i Åseral kommune frå 1. september 2018

Då vår byggesakshandsamar har permisjon, vert det ledig 1 års vikariat som sakshandsamar innan byggesak med stillingsstorleik på
inntil 80 % på eininga.

Kvalifikasjonar:

- Høgare relevant utdanning
- Gode datakunnskapar
- Evne til å kombinere fagleg kunnskap med heilskapleg tenking
- Handtere nynorsk som skriftleg målføre
- Effektiv, evne til sjølvstendig arbeid, utadvendt og samarbeidsviljug
- Kompetanse og røynsle utover dette, samt personlege eigenskapar vert vektlagt

Arbeidsoppgåver:

- Byggesakshandsaming. Arbeidsoppgåvene vil kunne variere.

Vi ønskjer ein sakshandsamar som:

- Har røynsle innan byggesak
- stillar krav til eigne faglege ferdigheiter
- har engasjement og gode haldningar som bidreg på ein positiv måte i arbeidsmiljøet
- taklar omstillingar og har gode evne til samarbeid og kommunikasjon
- finn praktiske løysingar og er systematisk
- er tydeleg og har ei positiv innstilling

Vi kan tilby:

- ei interessant og krevjande stilling
- eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid
- løn etter avtale og god pensjonsordning

I stillinga må det påreknast reiseverksemd. Det er difor ein føresetnad at den som vert tilsett har førarkort og disponerer bil.

Tilsetting

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk.

Kontaktpersonar

Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar Hilde Stuestøl Berg, tlf: 382 85 800 eller 950 56 310,
JLIB_HTML_CLOAKING

Søknad

Søknad og CV kan du berre sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema.
Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

 

Søknadsfrist: 8. august 2018


Varigheit vikariat: 1 år

SØK HER

 

 

 

  • Last updated on .

Åseral kommune

Post- og besøksadresse:
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Åpningstider:
Mandag-fredag kl. 08-15

 

Sentralbord: 38 28 58 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.



Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 842

Personvern og informasjonskapsler

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me