Skriftstørrelse

Ledige stillingar ved Åseral barne- og ungdomsskule

Bli med å gi barn ein fantastisk start på livet gjennom verdas viktigaste jobb! 

Skulen sin grunnleggande tanke er tryggleik, trivsel og læring. Skulen har fokus på elevane sin trivsel og jobbar for ein skule utan mobbing der elevane kan lykkast med sitt individuelle dannings – og kvalifiseringsoppdrag. 
Skulen jobbar med:

  • Leiing på alle område
  • Kritisk konstruktive elevar
  • Læringsfremmande åtferd
  • Grunnleggjande dugleik – lesing i fokus
  • Tilpassa opplæring
  • Vurdering for læring

Vi treng no fleire nye lærarar som vil vere med på laget for å utvikle skulen vidare. Dei som vert tilsett kjem inn i eit fellesskap med svært mange dyktige tilsette, men det er stadig behov for nye impulsar for å føre utviklinga vidare. 

Vi tilbyr:

  • Spanande arbeidsoppgåver i ein utviklingsretta og lærande organisasjon
  • Godt arbeidsmiljø, gode fagmiljø med mogelegheit for kompetanseutvikling
  • Mogelegheit for å påverka barn og unge sin oppvekst og læring
  • Rettleiing for nyutdanna
  • Løn over gjeldande tariff

Vi søkjer medarbeidarar som:

  • Har evne til å skape gode relasjonar
  • Har evne til å leie tydeleg, strukturert og forutsigbart
  • Er gode rollemodellar
  • Er fleksible og har endringskompetanse
  • Er brennande engasjert
  • Godkjend utdanning som lærar
  • Har erfaring med arbeid som lærar
  • Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt

F.o.m. 1.08.18 vil følgjande stillingar bli ledige i Åseral barne- og ungdomskule, SFO: 

Pedagogstillingar  

Inntil fleire stillingar, faste og vikariat, kan bli ledige. Spesielt aktuelle fag: Engelsk og tysk. 
Andre fag kan også bli aktuelle. 
Aktuelle funksjonar: kontaktlærar. 
Personleg eigenskap vil bli vektlagt. 
Fleire av stillingane kan kombinerast, og ein ønskjer i utgangspunktet ikkje mindre enn 80 % pedagogstilling. 
Løn og tilsetjing etter kommunale avtalar og tariff. 
Søknad og CV vert å senda ved å nytta elektronisk søknadsskjema som du finn her: søknadsskjema
Det må koma tydeleg fram kva stilling som vert søkt. Dersom søkjar ikkje har tilgang på nett, eller treng hjelp til søknaden, kan ein venda seg til Åseral servicekontor ( tlf. 38 28 58 00 ) og få hjelp.

Rettkjende attestar og vitnemål vert teke med i eit eventuelt intervju.  
Ved tilsetjing må det leggjast fram tilfredsstillande politiattest

SØKNADSFRIST:  23.04.18  
Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar skule/rektor Jon Terje Hegghaug mobil 91152341

søk her:

Elektronisk søknadsskjema

  • Last updated on .

Åseral kommune

Post- og besøksadresse:
Gardsvegen 68, 4540 Åseral

Åpningstider:
Mandag-fredag kl. 08-15

 

Sentralbord: 38 28 58 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.



Kommunenummer: 1026
Organisasjonsnummer: 964 966 753

Personvern og informasjonskapsler

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me